Om Oss

Om Øyane ASVO A/S

 

  • Lita nok til å vera smidig
  • Stor nok til å vera solid.

Øyane Asvo AS er ei bedrift med spesielt tilrettelagde arbeids-plassar.

I dag er om lag 50 personar knytte til Øyane Asvo anten som arbeidstakar, på praksisplass, under utprøving eller som arbeidsleiar.

Historie:

Øyane Asvo AS vart starta i 1996 og det er Vindafjord og Etne Kommune som står bak og eig aksjane i selskapet som er organisert som eit heilt ordinært aksjeselskap med styre og dagleg leiar.

I dag:

Øyane Asvo AS driv i dag mellom anna eit av dei mest moderne vaskeria i regionen. Ny og avansert maskinpark og ein arbeidsstokk som set si ære i å gjera ein flott jobb, gjer at Øyane Asvo AS kan vera effektiv sjølv om me ikkje er mellom dei største aktørane i marknaden.

Våre kundar:

Dei nøgde kundane våre finn du over heile Haugalandregionen med Karmøy og Haugesund i spissen, innover i Hardanger, oppover mot Røldal og Haukeli og sjølvsagt på Stord og i resten av Sunnhordland. Kundane våre driv innan cateringbransjen, hotell og overnattingsstader, mekanisk industri og verkstadindustrien. Institusjonane i kommunen har heilt frå starten bruka Øyane Asvo AS som leverandør av reine sengeklede og arbeidsuniformar. Øyane Asvo AS er og leverandør av fleire tusen reine moppar og hundrevis av golvmatter kvar veke til dei store reinhaldsbyråa i heile Haugalandregionen.

 

© Øyane ASVO 2017