Hjelpemiddel

Kommunalt hjelpemiddellager

Øyane Asvo AS utfører den kommunale hjelpemiddelformidlingen for Etne og Vindafjord kommune. Nye hjelpemiddel kjem ein gong i veka frå hjelpemiddelsentralane i Hordaland (måndag) og Rogaland (tysdag) og distribuerast fortløpande til brukarane.

 

Brukte, enklare hjelpemiddel som kommunen får behalda frå hjelpemiddelsentralane, vert vaska og desinfisert før dei takast inn på lageret. Utslitne og øydelagde hjelpemiddel vert kasserast.

 

Det kommunale hjelpemiddellageret kjøper ikkje inn nye hjelpemiddel, men overtar brukte hjelpemiddel frå hjelpemiddelsentralane. Ein må difor rekna med at hjelpemiddel ein får låne kan ha bruksmerke og synleg slitasje, men me forsøker likevel å halda god standard på det me har på lager.

 

Me gjer særskild merksam på:

 

  • Ein kan låne eit hjelpemiddel inntil to år frå det kommunale lageret. Om ein ser eller skjønar at behovet vil vere permanent eller meir enn to år, skal ein kontakte kommunen. Om me ikkje er flinke til å hjelpe einannan på dette punktet, går lageret fort tomt. Me får berre overta eit begrensa antall hjelpemidlar i året frå NAV Hjelpemiddelsentral. Kommunane kjøpar ikkje inn hjelpemidlar sjølv.
  • Me er pålagde å effektivisere formidlinga av hjelpemiddel. Difor kan me ikkje alltid levere nye eller brukte hjelpemiddel innanfor nokre dagar. I slike tilfelle kan ein sjølv hente hjelpemiddel hos oss etter avtale, om ein ikkje kan vente.
  • Me har ikkje elektriske rullestolar, sjukehussenger og liknande, tekniske hjelpemiddel til utlån for privatpersonar.
  • Me har ikkje krykkar til utlån eller salg. Kontakt apotek eller legevakt.
  • Om du t.d. har ein elektrisk scooter som må sendast inn for reparasjon, har du ikkje krav på å få låne eit tilsvarande hjelpemiddel frå kommunen eller hjelpemiddelsentralen. Me gjere alt me kan for at reparasjonar skal ta så kort tid som råd er, men ein må være førebudd på å finne alternative løysningar i nokre veker.

 

Me utfører enkle reparasjonar, som t.d. å skifte dekk. Me skal også synfare hjelpemiddel som er fast montert i heimen før teknikar bestillast.

 

Treng du å låne hjelpemiddel?

 

Ta kontakt med ergoterapeut, fysioterapeut eller syns- / høyrslekontakt i din kommune. Dei vil formidle bestilling til oss eller til NAV Hjelpemiddelsentral.

 

For lån av hjelpemidlar i svært korte perioder, til dømes ei helg eller om ein skal hofteopererast (behovet varer som oftast 3-4 månader), kan ein ta kontakt med oss direkte - sjå sida kontaktinfo.

 

Om den kommunale tenesta

Er du funksjonshemma, har du vore operert, utsett for skade eller sjukdom, kan du få låne tekniske hjelpemiddel. Hjelpemiddel kan gi ein lettare kvardag, og ein kan låne dei for ein kortare eller lengre periode.

Hjelpemiddel blir gitt ut frå ei einskapleg vurdering av situasjonen din i heim, skule, arbeid og/eller fritid, og med utgangspunkt i dei omgivnadane du skal fungera i. Tekniske hjelpemiddel er eit av fleire tiltak, og må sjåast i samanheng med trening, læring, andre kompenserande teknikkar, samt tilrettelegging og utforming av omgivnadane.

 

Kommunen er ansvarleg for kartlegging, utgreiing, opplæring i bruk og oppfølging. Ansvar for blant anna distribusjon og reparasjon blir regulert i ein samarbeidsavtale mellom kommunen og hjelpemiddelsentralen.

Kommunen har eit kommunalt hjelpemiddellager, med hjelpemiddel til innbyggjarar med kortvarig/akutt behov for hjelpemiddel. På dette korttidslageret finst hjelpemiddel som det er kontinuerleg etterspørsel etter, som t.d. krykker, stokkar, rullatorar, dusjstoler, sjukesenger og rullestolar.

 

Kommunale institusjonar har ansvar for å dekka vanleg institusjonsutstyr. Folketrygda kan derimot innvilga hjelpemiddel til personleg bruk, t.d. individuelt tilpassa rullestol, høyrsleutstyr og lese- og skrivehjelpemiddel.

 

Kriterium/vilkår

Du har nedsett funksjonsevne for ein kortare eller lengre periode.

 

Personar med vesentleg og varig (over 2 år) nedsett funksjonsevne har rett til hjelpemiddel gjennom folketrygdlova. Regelverket er nærare presisert i forskrifter og rundskriv. Ved behov som varer under 2 år, blir nokre hjelpemiddel utlånt frå kommunen.

 

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Det er kommunen du skal kontakte når du har behov for tekniske hjelpemiddel, då høvesvis ergo- / fysioterapitenesta. Opplæring i bruk av hjelpemidla, montering og eventuell reparasjon blir vanlegvis utført av kommunen. Når det gjeld hjelpemiddel til varig bruk, sørgjer kommunen for at søknad blir sendt til Nav Hjelpemiddelsentral i fylket.

© Øyane ASVO 2018